Talende Web

På glaukomkurs i Bergen

foto av Andreas Askim

Visste du at helseregionane med ujamne mellomrom arrangerer kurs i glaukom eller grøn stær? Norsk Glaukomforening bidrog nyleg på eit slikt kurs for glaukompasientar og deira pårørande. Kurset vart arrangert av Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus for Helse Bergen 26. januar 2024. 

Kurset starta med ei særs godt formidla innleing om glaukom av overlege Andreas Jung Askim ved Augeavdelinga på Haukeland. Innleiinga hans var oppført som “legens time” i kursprogrammet. Med ei lettfatteleg og pedagogisk god tilnærming gav Askim ei grundig innføring i kva glaukom er, i dei ulike formane sjukdomen kan utarte seg og om dei behandlingsalternativane augelegane har. Han la òg til litt om kva pasientane sjølve kan gjere. Askim tok seg god tid til å svare på spørsmål frå kursdeltakarane.

Kurs, hjelpemidlar og stønadsordningar

Etter Askim var det rådgjevar Ove-Ronny Leganger frå Blindeforbundet og optikarane Anne Askvik og Pernille Vik frå Hjelpemiddelsentralen til NAV sin tur. Dei tre gav til samans ei god innføring i tilbodet om kurs, hjelpemidlar og stønadsordningar for slikt frå Blindeforbundet eller det offentlege. Vidare gav dei tre òg ei rekke praktiske tips og råd som kan bidra til eit noko enklare kvardagsliv for svaksynte. Dei òg svarte på spørsmål både etter foredraga og i pausane. 

Styreleiar på plass

foto av asle på kurset i bergen
Styreleiar i Glaukomforeninga Asle Haukaas. Foto: Mona Bendicte Nordvik

Styreleiar i Glaukomforeninga, Asle Haukaas, høyrer sjølv med blant dei som nyt godt av det gode behandlingstilbodet for glaukom til Augeavdelinga på Haukeland. På kurset orienterte han om Glaukomforeninga sitt arbeid for å kommunisere korleis medlemmane finn det er å leve med glaukom, og om foreninga sitt arbeidet med å formidle kunnskap om glaukom og ivareta interessane til glaukompasientar over heile landet. Han fortalde om si eiga oppleving av å få sjukdomen. Han tok særleg for seg dei to viktigaste interessesakene Glaukomforeninga jobbar med. Det eine er behovet for ein nasjonal øyehelseplan for å sikre nok kompetente augelegar, augesjukepleiarar og anna helsepersonell i framtida. Det andre er førarkortsaka for å få endra regelverket for vurdering av førarkort i ei meir rettvis retning for glaukompasientar.

Siste foredrag på programmet var eit informativt innlegg av optikar Arturo Suncin frå Augeavdelinga om korleis sjukehuset følgjer opp glaukompasientar i behandlinga. Kurset blei avslutta med oppsummering og evaluering av dagen der alle deltakarane syntes vel nøgde med kurset og informasjonen dei hadde fått. Tilbodet om å delta på kurset  arrangert av Helse Bergen hadde dei alle fått frå eigen lege. Takk til rådgjevar Mona Benedicte Nordvik frå Augeavdelinga for å organisere det heile.

På bildet over: Overlege Andreas Jung Askim ved Augeavdelinga på Haukeland.
Publisert:
7. februar 2024

Siste innlegg